fredag, november 20, 2009

“En elefant kom masjerende…”

20nov091

Eller tuslande i morgonmørket, om du vil.

Av og til vert leiker og ting heilt tilfeldig plassert på stader der dei rett og slett tek seg nokså godt ut. Det var tilfellet med denne elefanten. Han stod rett nok med bakenden ut mot stova, men eg svinga litt på han, og så vart han eit nytt blikkfang på pianoet.

Trur eg har sagt det før…det skal ikkje alltid så mykje til! :)

PS! No ligg det to nye presskannevarmarar i butikken min på Epla. Julegåvetips? :)

torsdag, november 19, 2009

Så…

19nov091

…vart det gråvér og regn att. Det er novemberskumt i stova sjølv om det snart er midt på dag, og lampane får stå på.

Heldigvis er det mandarinar i kjøleskapet…

19nov092

…og stearinlys på bordet.

Og vi har hatt sol i vekesvis no, så eg klagar ikkje. ;)

sundag, november 15, 2009

Søndag morgon…

15nov091

Eg startar søndagen med tende lys og eit dykk inn i julebøkene mine (t.d denne, denne og denne). Eg gler meg til jul! (…og no må det vel lov å seie det høgt!)

fredag, november 13, 2009

Flyttesjau

pung10a

Du har kanskje lagt merke til at det er litt tomt i Buda mi om dagen? Grunnen til det er at eg flyttar tinga eg har for salg til epla.no. Epla er ein norsk nettstad der den som vil kan åpne butikk og selgje handlaga produkt, tilsvarande utanslandske Etsy. Epla åpnar måndag, og då er eg på plass med varer i butikken min. Velkomen innom!

Link direkte til butikken  min finn du i høgre marg eller her.

tysdag, november 10, 2009

365!!!

364 365

Så fort går eit år, folkens! Eg har nettopp lagt ut det siste biletet i 365-prosjektet mitt, der målet var å ta eit bilete kvar dag i eit år. Eg oppdaga at det må ha lurt seg inn ein feil ein eller annan stad, for eigentleg skulle eg visst ha vore ferdig i går, men eg ser gjennom fingrane med det og kallar prosjektet godkjent! :)

365 365

Det aller siste biletet eg tok i denne serien, er av ein nyprodusert handlepose som snart kjem for salg. Eg har sydd ein del handleposar siste året, så eg synest jammen det passar bra å avslutte med nettopp dette biletet.

Det har vore fint å ha litt press på seg med med hensyn til fotograferinga, og eg trur nok eg har lært ein god del dette året. Eg har i alle fall ikkje blitt mindre glad i å ta bilete! Så sjølv om eg er ferdig med prosjektet mitt, har eg absolutt ikkje planar om å parkere kameraet! Og tida får vise om det vil bli fleire slike prosjekt på meg etterkvart.

For spesielt interesserte kan eg informere om at serien kan sjåast i sin samanheng her. :)

sundag, november 08, 2009

Nåleputer i Buda mi

nålepute2c

nålepute6a

nålepute3a

nålepute4a

nålepute5a

nålepute1a

No er der nåleputer å få kjøpt i Buda mi. Løp og kjøp! :)

Dersom du synest…

363 365

…at du høyrde noko nettopp, så var det antakeleg berre eg som slapp ut eit lukkeleg lite sukk. Eg vart nemleg åleine heime ei lita stund no i ettermiddag, og det vart så stilt og fredeleg i huset. Sukk! :)

Det store spørsmålet når ein får ei slik stund for seg sjølv er sjølvsagt kva eg skal prioritere. Husarbeid? (Absolutt utelukka!) Strikke? Sy? Lese? Gå ein tur? Eg starta i alle fall med kaffi og litt nettsurfing, så får vi sjå kva eg har mest lyst til etterpå. Og når resten av gjengen kjem att skal ungane pynte farsdagsbløtkake til pappa etter alle kunstens reglar!

Ha ein strålande søndags ettermiddag…

fredag, november 06, 2009

Utsikt

361 365

Fint å ha utsikt til heile verda, her eg sit i sofakroken ein fredag kveld. Rart å tenkje på at eg sit her i det koselege huset vårt, i eit kaldt lite land langt mot nord, snurrande rundt på ein ball i det store, mørke verdsrommet.

6nov091

Godt å tenkje på at han som skapte denne kloden –  og rommet den svevar i – også skapte meg, og at han bryr seg om meg og er hos meg, kvar dag.

“Han har den heile, vide verda i si hand.” Han har meg i si hand. Det takkar eg for!